Sommarvikar - Kokk Ved Aurland Helsetun

vor 2 Wochen


Safenwil, Schweiz Aurland Helsetun, kjøken Vollzeit

Aurland Helsetun, kjøken

**Sted**:
Vangen 1, 5745 Aurland, Aurland

**Stillingstittel**:
Kokk

**Søknadsfrist**:
17.04.2023

**Vi treng ferievikar**

på kjøkenet ved Aurland helsetun frå byrjinga av juli til slutten av august. Det er fint om du skriv på søknaden kva periode du kan jobbe.

Helsetunet er eit heildøgnstilbod i institusjon med helsepersonell tilgjengeleg heile døgnet. Der er tre avdelingar; sjukeheim, rehabilitering og for demente. Aurland helsetun er organisert under tenesteeininga pleie rehabilitering og omsorg, og ligg flott til ved Aurlandsfjorden. Det er om lag 30 tilsette ved institusjonen.

Vi har lyse og trivelege omgjevnader med gode fasilitetar og utstyr. Her har vi eige kjøkken, der det blir laga god og næringsrik tradisjonsmat frå botnen av.

Helsetunet er organisert i tenesteeininga pleie og omsorg.

**Arbeidsoppgåver**
- lage mat, til dømes, lunsj og middag frå grunnen av
- tilberede spesialkost til allergikarar
- halde kjøkken og kjøkkenutstyr reint
- bake brød og kaker
- setje på plass varer

**Kvalifikasjonar**

Vi ynskjer at du har fagbrev som kokk. Relevant erfaring kan erstatte fagbrev.

**Løns
- og tilsetjingsvilkår**

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons
- og forsikringsordningar.

Stillinga er på dagtid, også nokre helgar.

**Om arbeidsgiveren**:
**Arbeidsgiver**:
Aurland Helsetun, kjøken

**Adresse**:
Skjerdalsvegen 31, 5745 Aurland

**Hjemmeside**:

- Aurland kommune ligg vakkert til ved Sognefjorden, sentralt ved E16 mellom Oslo og Bergen. Me ynskjer å vera Noreg sin fremste kommune på heilårsturisme, og har eit mangfaldig næringsliv i vekst. Me er om lag 1780 innbyggjarar fordelt på bygdene Aurlandsvangen, Undredal, Flåm, Gudvangen og Vassbygdi. Aurland kommune satsar spesielt på trygge oppvekstkår, nærings
- og bustadutvikling og god tenesteyting. Kommunen har gode kultur
- og idrettstilbod både for små og store, som til dømes basseng, musikkskule, klatring, handball, fotball, friidrett og boksing. På kulturskulen kan ein få opplæring i gitar, trommer, bass og biletkunst m.m. Aurland er ei naturperle og ideelt for fjellturar, jakt og fiske. Nærøyfjorden og Aurlandsfjorden er på UNESCO si verdsarvliste for det spektakulære fjell
- og fjordlandskapet. Det er kort veg til Myrkdalen, Vatnahalsen, Sogndal og Hemsedal om du likar å gå langrenn eller vil i slalåmbakken. Vil du nyte god mat, har me restaurant, kafé, bryggeri, og bakeri._



  • Safenwil, Schweiz Ecura Bo og Habilitering region Viken Vest Vollzeit

    **Legg til favoritt** **Ecura søker Bustadleiar til eit av våre tiltak i Aurland kommune**: **Arbeidsgiver** Ecura Bo og Habilitering region Viken Vest **Stillingstittel** Bustadleiar **Frist** Snarest **Ansettelsesform** Fast Bli kjent med ECURA Bustadleiar er bindeleddet mellom avdelingsleiar og tilhøyrande personalgruppe. Bustadleiar står...